Betaling. Oppgjer.

Vi i Tannhelselaget er godt kjende med at mange utsetter tannlegebesøk fordi dei meiner det er dyrt. Vi forpliktar oss difor til å gi spesifiserte kostnadsoverlag på behandling som kostar meir enn 5000,-. Alle får tilbodet om at dette vert utarbeida skriftleg og spesifisert nøye, men  dei aller fleste stolar på oss og aksepterer eit munnleg overslag. Dette fordi dei fleste forstår at skriftlege kostnadsoverslag og kostar tid og pengar. Alle pasientar som har ei historie hos oss får betale med rekning utan renter eller gebyr, men vi ser helst at mindre beløp vert gjort opp med kort eller kontant.  Nye pasientar må betale med kort eller kontant ved første besøk. Av og til opplever vi at pasientar ikkje ynskjer behandling fordi dei rett og slett ikkje har råd no. Der vi ser at utsetting av behandlinga vil føre til auka kostnader for pasienten kan vi lage ei betalingsutsetting for pasienten, eller ei avbetalingsordning. I desse høva må vi ta litt betalt for administrasjonen. Spør oss om dette så kan vi spesifisere kostnadene og utarbeide ein avbetalingsplan.  Vi tilbyr ikkje betaling med kredittkort fordi dette er kostbart for oss å administrere. Om vi får auka kostnader må dette betalast, delvis som tapt inntekt for oss og delvis som auka prisar. Dette prøver vi å unngå ettersom det er no er stort fokus på tannlegeprisar. Vi ynskjer ikkje å redusere kvaliteten på våre tenester, men forsøker å ha fokus på lave kostnader.

 

Vi minner om at vi berre tek debetkort som betaling.  

Tannhelselaget tilbyr:

  • Studentrabatt

  • Avbetalingsordning

  • Direkte oppgjer med Helfo