I dag har den medisinske og tannmedisinske forskinga gitt oss verktøy til å reparere og sette inn nye tenner der det trengs. Vi kan erstatte manglande tenner med naturlege tenner laga i porselen, og vi kan også sette inn kunstige røter som kan erstatte tapte tenner. Implantat eller fixturar som vi kallar det er svært god behandling som kan vare lenge. I Sverige vert dette brukt mykje spesielt på eldre som har mista tennene sine. Broer og kroner er vanleg og har vore laga i mange høve for erstatning av manglande tenner, men mange i dag velger implantat. Mange slit med proteser som ikkje sitter fast slik at ein har vanskar med tygging og kjenner seg utrygg i sosiale samenhengar. Staten gir i dag stønad til alle som har desse vanskane og som har protese oppe og nede utan tenner til feste. Då kan ein få festa protesa i underkjeven med to stykk implantat (kunstige røtter). Dette hjelper ofte svært mykje, også for protesa i overkjeven som då har noko stabilt å bite mot. Staten har også innført stønad for dei som har mista tenner som følgje av periodontitt/tannkjøttssjukdom. I så fall kan ein få ei bru eller implantat som tannerstatning. Implantat er ikkje alltid egna dersom ein har periodontitt, men i mange høve går det fint. Kontakt oss dersom du har spørsmål kring dette, eller ynskjer eit kostnadsoverslag for behandling. Tannhelselaget tilbyr protetisk tannbehandling av alle slag.
Tannhelselaget tilbyr:
Implantatbehandling
Proteser
Kroner i porselen
Broer i porselen
Delproteser
Andre protetiske kombinasjonsarbeid
Ring 700 61 200 for time.