Reparasjon av tenner som er skada.

Karies / tannråte er den mest utbredte infeksjonsjukdom vi har i verda. Spesielt  i den vestlege delen av verda der sukkerinntaket er høgt. Sukker er mat for bakteriar som lever i munnhola og nokre av desse produserar syrer som i sin tur tærer på tennene og demineraliserer desse, det same gjer nokre typer sure fødeemner som t.d. citrusfrukt og sukkerdrikker med lav ph osb. Fluor i tannkrem og betre reinhald demmer bra opp for karies, men viktigast er eit sukkerfattig kosthald. I dag får mange plager med syreskader, dvs at fødeemna er sure ( lav ph ) og hyppigare inntak av desse, særskilt drikke. Dette gjer at ph fell i munnhola og tennene løyser seg opp / demineraliserer. Ofte gir dette diffuse plager som t.d. ising. På sikt vert emaljen på  tennene løyst opp / eroderer og tanna vert meir utsett for slitasje. Dette er noko vi ofte ser,  og ikkje sjeldan må ein reparere med å bygge opp tennene igjen før dei vert ytterlegare skada. Emaljeskader fører også til misfarga tenner og tenner som manglar glans og liv. I verste fall må ein rotfylle, ev. sette kroner på tennene. Det mest vanlege i dag er likevel vanlege hol, eller fyllingar / tenner som brekk,  eller at ein får hol under fyllingar. Det er svært viktig at ein reparerer slike ting raskt, sjølv om ein ikkje har smerter eller plager. Ubehandla tenner som er skada akkumulerer ofte mat i sprekker og kilar, dette kan gi rask utvikling av djupe hol og som til slutt fører til kostbar behandling og nedsatt styrke / levetid for tanna.  Vi legger berre kvite tannfyllingar eller restaurerer tennene med porselenskroner om naudsynt. Kontakt oss i Tannhelselaget for ein konsultasjon så kan vi svare på spørsmål og hjelpe deg med det du måtte ønske.

Tannhelselselaget tilbyr konserverende behandling:

  • Kvite tannfyllinger

  • Porselenskroner / innlegg

  • Utbytting av amalgam

 

Ring 700 61 200 for time.