Søvnapne er eit svært alvorleg problem og sannsynlegvis underdiagnostisert. Vi ser berre toppen av isfjellet. Folk klagar over mangel på energi, trøtthet, manglar tiltakslyst, osb.
I nokre tilfeller kan dette skuldast søvnapne som er ein tilstand med ekstrem snorking som fører til pustestopp over tid og fleire gongar i timen. I slike høve får ein ikkje kvilt seg slik ein skal og det kan føre til alvorleg sjukdom, bilulykker, osb. Dersom ein har fått påvisst tilstanden obstruktiv søvnapne får ein ofte tilbod om ein CPAP. Det er ei overtrykks pustemaske som ein søv med. Desse har visst seg å hjelpe bra, men det er mange som ikkje orkar å bruke den. Legar og tannlegar som arbeider med søvnforstyrrelsar har observert at ofte skuldast pustestoppen at når ein søv, og då spesielt på ryggen fell tunga bakover i svelget og obstruerer svelgen så lufta ikkje passerer. Tunga er festa i kjeven og kjeven er til dels rørleg og kan førast fram. Det er slik skinna fungerer, den held tunga framme slik at svelget er ope og lufta passerer. I Sverige lagar dei 15 000 – 20 000 slike skinner i året, mens i Norge er det lite brukt. Sjå gjerne somnomed.de. Tannhelselaget har eit tilbod av desse skinnene og vi har kursa oss i framstilling og behandling. Vi lagar også snorkeskinner for dei som ynskjer å skåne nære og kjære.
Tannhelselaget tilbyr:
Ring 700 61 200 for time.