Tenester

Tenester som Tannhelselaget tilbyr.

 Mange pasientar likar ikkje å gå til tannlegen. Vi som arbeider i Tannhelselaget forstår dette. Folk som kjem til oss skal kjenne seg trygge på at dei blir behandla med respekt og skal oppleve minst mogleg ubehag og smerte. Dei fleste som søkjer hjelp har smerter eller anna ubehag. Nokre kan ha mauring og diffus verk, noko som ofte skuldast infeksjon i og omkring rota. Nokre blør frå tannkjøttet som ofte skuldast for dårleg reinhald mellom tennene, og eller tannkjøttssjukdom. Nokre har slått seg i ansiktet der tenner har blitt skada eller løsna. Andre slit med dårlege proteser og tyggeevne.

 

  • Akutt tannverk, mist fylling og liknande

  • Traume / skadde tenner eller lepper, tunge. Vi har kirurgisk beredskap

  • Tannkjøtt som er hovent eller blør ved forsiktig berøring

  • Tannverk / rotbehandling

  • Tanntrekking, ev. kirurgisk fjerning av djuptliggande visdomstenner

 

Tannhelselaget tilbyr akutt hjelp på dagen.  Ring 700 61 200 og få time.