Rotfylling

Ofte skuldast tannverk ein infeksjon i tannrota og beinet kring denne. Smertene kan være utålelige, men av og til kjenner ein ikkje noko. Uansett krev dette behandling elles vil rota til slutt løsne og tanna gå tapt.

Ein kjenner ofte djup murring, ansiktssmerter, haudeverk, smerter mot øyre, vondt å tygge, ising og verk ved varm og kald mat / drikke. Spesielt er tanna øm å ta på / tygge på. Årsaken til dette er ikkje alltid like lett å avgjere, men vanlegvis skuldast det hol, eller djupe fyllingar som er lagt tidlegare. Infeksjonen er bakteriell, og bakteriane må vekk. Ingen skal plagast med dette og vi ryddar plass i timeplanen for å hjelpe pasientar med tannsmerter på dagen. Behandlinga er smertefri og vi nyttar oss av ulike typar bedøving. Mange trur at vi ikkje klarer å bedøve under slike tilhøve men det gjer vi. Vi bedøver først godt, så opnar vi tanna og gjer noko som kan minne om kikkholskirurgi  gjennom tanna / rota for å kome ned til infeksjonen. Vi rensar med desinfiserande væsker og legg ned eit slags antibiotikum som behandling. Smertene forsvinn ganske fort, men det kan være litt verk ein dag eller to etterpå. Kan samanliknast med ein grundig sårvask. 

Om du har tannverk, eller har hatt tannverk som har gått over kan dette skuldast infeksjon i ei tannrot - det kan og gjelde ved andre ansiktssmerter. Det er lurt å få sjekka opp dette.

Vi rotfyller alle typer tenner og har lang erfaring med dette.

Kontakt Tannhelselaget for ei avklaring:   700 61 200.



Kan vi hjelpe deg?