Tannbleiking

Mange daglege faktorar som dårleg tannpuss, inntak av ulike fødeemne som kaffi, te og tobakk kan misfarge tennene.

Tennene vert og mindre kvite med åra, noko som er ein naturleg prosess. I desse høva vil ikkje alltid bleiking hjelpe. Tannbleiking fjernar misfargingar og kan anbefalast der misfarginga skuldast fargestoff som t.d. garvesyre. Raudvin, tobakk, - blåbærsylte og andre matvarer med sterke fargestoff. Nokre skyllemiddel set seg og på tenner og misfargar. Tannhelselaget gjer ei vurdering om bleikinga vil ha god effekt og om fyllingar først må skiftast før bleiking, samt kva type bleiking som er best for pasienten. Vi anbefaler først rens av tennene slik at ein ser om fargestoffa let seg fjerne med enklare middel. Det er viktig å understreke at berre tannlegar kan tilby tannbleiking. Tannbleiking som ein kan kjøpe på nettet inneheld ikkje dei stoffa, eller styrken som er naudsynt for å oppnå effekt, dette er kosmetikk utan effekt,  det same gjeld og tannkrem med bleikestoff. Vi bleikar også tenner som er slått / skada, då ved at vi legg bleikestoffet inne i tanna. Dersom bleiking ikkje fører fram kan ein legge på porselensfasetter eller composit. Desse løysingane er meir inngripande og dyrare, men ikkje sjeldan er den beste løysinga for pasienten.

Tannhelselaget tilbyr tannbleking

  • Tannbleiking med individuelt tilpassa bleikeskinne

  • Djuprens av tenner med prophyflex

Pris
2990,- for djuprens/airflow av tenner, individuell bleikeskinne av overkjeven og 16 % bleikemiddel 2. sprøyter.

Kan vi hjelpe deg?