Tannlegeskrekk

Dei fleste likar ikkje tannbehandling. Mange har dårlege opplevingar med tannlegen frå barne/ungdomsåra, eller har andre grunnar for unngå tannlegen. Kostbar behandling  er og ein grunn til at folk ikkje oppsøker oss. Hugs vi gjer ikkje noko utan samtykke frå pasient og utan å ha gitt kostnadsoverslag. Det er vår klare mål at ingen skal kjenne seg utrygge. 

Nokre pasientar ser vi berre når dei har smerter eller andre alvorlege plager. Vi behandlar desse varsomt og skånsamt og ingen skal kjenne på skam. Vi skal skal behandle alle med respekt og empati, informere dei om kva vi kan gjere for dei. Vi bedøver alltid om pasienten ynskjer dette. nokre har sprøyteskrekk og då forsøker vi å hjelpe desse med bl.a. beroligande og i verste fall narkose. Folk som er redde kan ofte oppføre seg litt «rart». Dette er vi vane med og vi gjer vårt beste for at pasienten skal ha det bra og ikkje kjenne på skam eller uro for verken det eine eller det andre. Pasienten må berre utrykke sine ynskjer og vite at det er han / ho som bestemmer. Vi gir råd og rettleiing, så er det opp til pasienten om han eller ho vil gå vidare. Ring oss og sei om du er redd. Be eventuelt om beroligande, - eller berre be om eit kort møte der du kan treffe ein av oss for å på den måten gjere det litt mindre farleg.

Tannhelselaget tilbyr:

  • Premedisinering, beroligande

  • God og effektiv lokalbedøving

  • «Kognitiv terapi»

  • I spesielle høve kan vi tilby narkose

Kan vi hjelpe deg?