Kosmetisk tannbehandling

Ut over tradisjonell tannbehandling brukar vi no meir og meir tid på utsjånad. Pasientar vil ha fine tenner noko som vi forstår godt, og i mange høve kan vi hjelpe til med dette.

Ofte har ein gått lenge og lurt på om dette let seg ordne, og blir ofte positivt overraska over resultatet. Vi kan rette opp skeive tenner og lage nye tenner i porselen i svært naturlige nyansar. Bytte gamle gule plasfyllingar med nye kvite composittfyllingar som har rett farge.  Amalgam fyllingar som er laga av kvikksølv og sølv har vore brukt i 150 år. Mange synest desse er skjemmande og ynskjer å bytte ut desse. Vi bytar vanlegvis til composit som er eit kvitt materiale i ulike nyansar for å få fram den naturlege fargen på tanna.

”Hollywood Smile”
Mange ynskjer å få « nye tenner» slik som folk har på TV.  Dei fleste som har krittkvite smil på tv har fått «veneers» eller porselensfasettar ev, porselenskroner. Dette vert limt på eksisterande tenner og kan gi godt estetisk resultat. Det kan også byggast ut slik at ein får eit leppeløft noko som også er populært.  I mange tilfeller kan ein også rette på tenner som er skeive eller har ei form ein ikkje likar. Vi kan framstille tennene på modell og pasienten kan og være med å bestemme forma og fargen før framstilling.  Mange trur at problemer med tannstillingsfeil må behandlast med «streng», noko som ikkje alltid er naudsynt. Om du manglar tenner og tykkjer det skjemmer kan vi også løyse dette.

Vi tilbyr og implantatbehandling her i Ørsta. Du treng ikkje reise nokon stad, alt vert gjort her. Kort vil det seie at vi set inn ei « kunstig» rot med kunstig tann. Den vert skrudd fast og alt kan gjerast om ved at ein skrur laus krona og set på ei ny. Dette er den nye trenden innan vårt fag.

Tannhelselaget tilbyr kosmetisk tannbehandling:

  • Porslensfasetter / fasader / “Veneers”

  • Porselenskroner og innlays/onlays

  • Amalgam utskifting

  • Tannerstatningar/implantat

  • Porselensbroer ved manglande tenner

Kan vi hjelpe deg?