Søvnapne og snorking

Søvnapne er eit svært alvorleg problem og sannsynlegvis svært underdiagnostisert. Vi ser berre toppen av isfjellet. Folk klagar over mangel på energi, trøtthet, manglar tiltakslyst, osb. Førstevalget for behandling av denne tilstanden er CPAP - som er ei maske du søv med. For mange er denne god hjelp.

“Ekstrem snorking” kan føre til pustestopp over tid og fleire gongar i timen. I slike høve får ein ikkje kvilt seg slik ein skal og det kan føre til alvorleg sjukdom, bilulykker, o.l. Om tilstanden er ille nok vert du diagnostisert med tilstanden søvnapne. Dersom ein har fått påvisst tilstanden obstruktiv søvnapne får ein ofte tilbod om ein CPAP. Det er ei overtrykks pustemaske som ein søv med. Desse har visst seg å hjelpe bra, men det er mange som ikkje orkar å bruke den. Legar og tannlegar som arbeider med søvnforstyrrelsar har observert at ofte skuldast pustestoppen at når ein søv, og då spesielt på ryggen fell tunga bakover i svelget og obstruerer svelgen så lufta ikkje passerer. Tunga er festa i kjeven og kjeven er til dels rørleg og kan førast fram. Det er slik skinna fungerer, den held kjenen og dermed tunga framme slik at svelget er ope og lufta passerer meir uhindra. I Sverige lagar dei 15 000 – 20 000 slike skinner i året, mens i Norge er det lite brukt.  Sjå gjerne somnomed.de. Tannhelselaget har eit tilbod av desse skinnene, og ei anna skinne som heiter Narval. Vi har kursa oss i framstilling og behandling med snorkeskinne. Vi lagar og snorkeskinner for dei som ynskjer å skåne nære og kjære. 

Tannhelselaget tilbyr

  • Somnomed og Narval sine snorkeskinner

  • Søvnapneskinne

Kan vi hjelpe deg?