Oral kirurgi

Kirurgi i munnhola er det vanlegvis tannlegane som utfører. Kirurgi er knytt til nesten alle spesialitetane innafor tannlegeriet, ikkje berre kompliserte tanntrekkingar.

Dersom ei visdomstann må ut og ligger under slimhinna betyr dette at vi må lage ei opning for å få den ut. Dette er ikkje noko problem om du har trening i faget. Nokre gonger vil ei tann kunne gi byll, eller abscess som vi kallar det. I slike høve skal ein opne inn til pusset slik at det får kome ut. Av og til må ein kappe rota dersom ein ikkje kjem til infeksjonen via tanna og tannrota, då må ein gjere eit lite kirurgisk inngrep i beinet like ved rotspissen. Dersom ein skal sette inn implantat er det og naudsynt med kirurgi. I dette tilfellet legg ein til side litt slimhinne/tannkjøt. Lagar eit hol og skrur ned implantatet. Vi tek biopsiar om det er noko mistanke om slimhinneforandringar. Vi tek spyttskjertelprøver, og vi syr og steller sår som er oppstått i og omkring munnhola t.d. sprukne lepper etc. Tannhelselaget er lokalisert slik at mykje tannkirurgisk blir løyst her lokalt ettersom vi ikkje har spesialistar i sjukehuset lokalt. Vi har difor røynsle og utsyr til å tilby det meste innan dei mest aktuelle mindre kirurgiske standardinngrepa. Vi samarbeider og med spesialistar både privat og ved Ålesund sjukehus.

Tannhelselaget tilbyr

  • Akutt kirurgisk behandling i munnhola

  • Implantatbehandling

  • Fjerning av visdomstenner som ligg djupt

  • Rotspissamputasjonar

  • Biopsiar

  • Tannkjøttsoperasjonar

  • Drenasje av abscessar / tannbyll

  • Ulykker med mindre bløtvev og tannskade i og omkring munnhola

Kan vi hjelpe deg?