Ofte skuldast tannverk ein infeksjon i tannrota og beinet kring denne. Smertene kan være utålelige, men av og til kjenner ein ikkje noko. Uansett krev dette behandling elles vil rota til slutt løsne og tanna gå tapt. Ein kjenner ofte djup murring, ansiktssmerter, hodepine, smerter mot øyre, vondt å tygge, ising og smerter ved varm og kald mat / drikke. Spesielt er tanna øm å ta på / tygge på. Årsaken til dette er ikkje alltid like lett å avgjere, men vanlegvis skuldast det hol, eller djupe fyllingar som er lagt tidlegare. Infeksjonen er bakteriell, og bakteriane må vekk. Ingen skal plagast med dette og vi ryddar plass i timeplanen for å hjelpe pasientar med tannsmerter på dagen. Behandlinga er smertefri og vi nyttar oss av ulike typar bedøving. Mange trur at vi ikkje klarer å bedøve under slike tilhøve men det gjer vi. Vi bedøver først godt, så opnar vi tanna og gjer noko som kan minne om kikkholskirurgi gjennom tanna / rota for å kome ned til infeksjon. Rensar med desinfiserande væsker og legg ned eit slags antibiotikum som behandling. Smertene forsvinn ganske fort, men det kan verke litt ein dag etter behandling. Kan samanliknast med ein grundig sårvask. Om du har tannverk, har hatt tannverk som har gått over, eller har andre ansiktssmerter: Kontakt Tannhelselaget for ein time.
Tannhelselaget tilbyr smertefri rotfylling:
1 kanal, incisiv, canin / framtenner, hjørnetenner og tidvis premolarar/småjekslar
2 kanalar, premolar / småjekslar og tidvis framtenner i underkjeven
3-4 kanalar, molar / stor jekslar
Ring 700 61 200 for time.