Tannlegeskrekk.

Dei fleste likar ikkje tannlegen, eller det han gjer. Mange gruar seg til tannlegebesøk. Dette er heilt naturleg og vår plikt å akseptere. Det er også vårt mål å gjere besøket så lite ubehagelig som mogleg. Slik er det for ganske mange, men så er det nokre som berre kjem når dei får verk. Desse har tannlegeskrekk pr. definisjon. Vi ser dei ofte berre ein gong, og sjeldan igjen før neste situasjon oppstår med smerter, og det kan gå mange år mellom kvar gong. Nokre held seg borte av økonomiske grunnar.  Vi skal behandle alle med respekt og empati, informere dei om kva vi kan gjere for dei, gi dei kostnadsoverslag, sørge for at dei får god og til dels smertefri bedøving, og om naudsynt premedisinering,  altså beroligande. I nokre høve legg vi pasienten i narkose. Folk som er redde kan ofte oppføre seg litt «rart». Ofte er dei skamfulle. Dette er vi vane med og vi gjer vårt beste for at pasienten skal ha det bra og ikkje kjenne på skam eller uro for verken det eine eller det andre. Pasienten må berre utrykke sine ynskjer og vite at det er han / ho som bestemmer. Vi gir råd og rettleiing, så er det opp til pasienten om han eller ho vil gå vidare. Ring oss og sei om du er redd. Be om beroligande, eller berre be om eit kort møte der du kan treffe ein av oss for å på den måten gjere det litt mindre farleg.

 

Tannhelselaget tilbyr:

  • Premedisinering

  • «Kognitiv terapi»

  • I spesielle høve kan vi tilby narkose

 

Ring 700 61 200 for time.