Om Tannhelselaget

Tannhelselaget består av tannlegane Ola Andreas Hauge, Sara F. Hauge, Helena Kumar Westberg, Ardiana Gjuka, tannpleiar Simona Potass, samt tannhelsesekretær Annebell Svedjan, Ida Susann Bueide Gulla. Vi ynskjer alle velkomne til vår moderne tannklinikk som har siste nytt av utstyr og fagleg oppdaterte tannlegar og tannpleiarar.

Vi er ein mellomstor klinikk med fokus på pasienten og at han / ho skal kjenne seg trygg og godt motteken på alle måtar. Våre ansatte  er røynde, og har gode evner i å møte pasientar som kjenner seg utrygge og «overlatte». Vårt mål er å skape eit miljø der folk kjenner seg beroliga og godt ivaretatt. Behandlinga skal være smertefri. Alle får tilbod om bedøving, ev. beroligande om dei ynskjer dette. Pasienten sine ynskjer og behov skal stå i sentrum. Informasjon om behandlinga blir gitt og alternativ behandling blir lagt fram i dei fleste høve. Kostnadsoverslag blir gitt dersom behandlinga overstig 5000,-. All behandling skal skje med pasienten sitt samtykke. Vi har som det ultimate mål å skape tillit mellom behandlar og pasient, og på den måten gi best mogleg  behandling. Vi oppmodar difor pasienten til å uttrykkje sine ynskjer slik at vi kan møte desse best mogleg.

Dette er Tannhelselaget

Simona Potass

TANNPLEIAR

Annebell Svedjan

TANNHELSESEKRETÆR

Helena Kumar Westberg 

TANNLEGE

Ida Susann Bueide Gulla

TANNHELSESEKRETÆR

Sara F. Hauge

TANNLEGE

Ola A. Hauge

TANNLEGE

Ardiana Gjuka

TANNLEGE

Vår målsetting

Alle våre pasientar skal få ei varsom, smertefri og god behandling i tråd med fagleg normer og rettningsliner. Pasienten sine behov og ynskjer skal stå i fokus. Pasienten skal få kome med sine ønsker og spørsmål. Ingen behandling skal ta til før pasienten kjenner seg trygg på kva som skjer og kva det kostar.

Vårt mål er at du som pasient skal:

  • Kjenne deg trygg.

  • Få tilbod av alle former for behandling her i Ørsta. Sjå under tenester.

  • få tilbod om behandling for trygda si rekning. Alt bortsett frå arbeid som krever spes. kompetanse innan kirurgi.

  • Kjenne deg trygg på at behandlinga følger norsk standard og kvalitet. Norsk og utenlandsk teknikker etter pasienten sitt valg. Prisdifferanse vert tilgodesett pasient.

  • Få god informasjon før og etter besøk.