Reparasjon av tenner

Karies / tannråte er den mest utbredte infeksjonsjukdom i verda. Spesielt  i den vestlege delen der sukkerinntaket er høgt.

Sukker er mat for bakteriar som lever i munnhola og nokre av desse produserar syrer når dei et sukker som i sin tur tærer på tennene og demineraliserer, løyser dei opp. Det same kan skje ved inntak av sure fødeemner som t.d. citrusfrukt og sukkerdrikker med lav ph osb. Fluor i tannkrem og betre reinhald “demmer”  opp for karies. Viktigast er eit sukkerfattig kosthald. I dag får mange plager med syreskader, dvs at fødeemna er sure ( lav ph ) og hyppig inntak av mat, og særskilt sure drikker. Dette gjer at ph fell i munnhola og tennene løyser seg opp / demineraliserer. Ofte gir dette diffuse plager som t.d. ising.

På sikt vert emaljen på  tennene løyst opp / eroderer og tanna vert meir utsett for slitasje. Dette er noko vi ofte ser, og ikkje sjeldan må ein reparere slike skader med å bygge opp tennene igjen før dei vert ytterlegare skada. Emaljeskader fører også til misfarga tenner og tenner som manglar glans og liv. I verste fall må ein rotfylle, ev. sette kroner på tennene.

Det mest vanlege i dag er likevel vanlege hol, eller fyllingar / tenner som brekk. Det er viktig at ein reparerer hol i tenner raskt, sjølv om ein ikkje har smerter eller plager. Ubehandla tenner som er skada akkumulerer ofte mat i sprekker og holer,  dette kan gi rask utvikling og djupe hol som til slutt fører til kostbar behandling. Vi legger berre kvite tannfyllingar eller restaurerer tennene med porselenskroner om naudsynt.

Kontakt oss i Tannhelselaget for ein konsultasjon så kan vi svare på spørsmål og hjelpe deg med det du måtte ønske.

Tannhelselselaget tilbyr konserverende behandling

  • Kvite tannfyllinger

  • Porselenskroner / innlegg

  • Utbytting av amalgam

Kan vi hjelpe deg?