Protetisk tannbehandling

I dag har den medisinske og tannmedisinske forskinga gitt oss verktøy til å sette inn nye tenner der det trengs. Det heiter implantat. Dette er ofte eit godt alternativ. Vi kan og erstatte manglande tenner med naturlege tenner laga i porselen v.h.a kroner og bruer.

Ei tannkrone er aktuell når tanna er så skada at det ikkje er råd med ei holdbar fylling. Ei krone er eit “kappe” ein trer på tanna. Den er gjerne laga av porsele, zirkonium - eller ei blanding av porselen og metall.

Dersom du mangler en eller flere tenner kan en bru være en god løysing. En bru er kunstige tenner kobla ihop for å erstatte manglande tenner. Den er festa på eigne tenner på same måte som ei krone.

Implantat eller fixturar som vi kallar det er svært god behandling som kan vare lenge. Dersom du mangler både rot og tann kan det erstattes med et implantat. (Kunstig rot og krone)

Mange slit med proteser som ikkje sitter fast slik at ein har vanskar med tygging og kjenner seg utrygg i sosiale samenhengar. Staten gir i dag stønad til alle som har desse vanskane og som manglar tenner i underkjeven. Ein festar då protesa i underkjeven med to stykk implantat (kunstige røtter). Dette hjelper ofte. Staten har stønadsordningar for denne type behandling. Vi har 12 år erfaring med innsetting av implantat og gjer dette i tilfeller der pasienten ynskjer lokal behandling og oppfølging. Staten har også innført stønad for dei som har mista tenner som følgje av periodontitt/tannkjøttssjukdom. I så fall kan ein få ei bru eller implantat som tannerstatning. Implantat er ikkje alltid egna dersom ein har periodontitt, men i mange høve går det fint.

Kontakt oss dersom du har spørsmål kring dette, eller ynskjer eit kostnadsoverslag for behandling. Tannhelselaget tilbyr protetisk tannbehandling av alle slag.

Tannhelselaget tilbyr

  • Kroner i porselen

  • Implantat

  • Proteser

  • Bruer i porselen

  • Delproteser

  • Andre protetiske kombinasjonsarbeid

Kan vi hjelpe deg?